Kunnskapsdepartementet har lagt ut eit føreslag om å gjere om norsk faget i skulen. Forslaget Dei ynskjar å berre ha eit norsk skriftleg fag, slik at elevar berre vil få ein skriftleg karakter. Då skal det vere nynorsk og bokmål i same fag, og ikkje eit sidemålsfag og eit hovudmålsfag slik som det er no. Eg meiner at dette kan vere ein moglegheit til å gjere skulen enklare for elevar. Dei har mindre å halde kontroll på, slik at dei får meir tid til å fokusera på faget. Eg trur det kan vere ein fin moglegheit til å gjere det norske språket meir samla, og ikkje splitte dei slik som dei er no.På spørsmålet om nynorsk vil bli svekka, vil eg svara nei, det trur eg ikkje. Det er opp til Kunnskapsdepartementet, om dei endrar kompetansemåla, eller om dei ikkje endrar dei. Så lengje måla er dei same, og krava til opplæringa blir dei same, vil nok nynorsken stå like sterkt.
Då eg valte hovudmål, tenkte eg på kva eg kunne best. Bokmål er noko som finnast overalt i Noreg. Det er på TV, i avisar, og så vidare. Derfor meinte eg at eg hadde mest kunnskapar i bokmål. Sidan hovudmålet brukast i alle faga dine, ville eg helst ha det eg kunne best, for å gjere dei andre faga enklare.
Eg meinar sidemålet mitt er eit av dei svakaste faga mine. Eg klarar å skrive på sidemål, men ikkje like bra som eg kan skriva på hovudmål. Eg har nokre problem med å formulera setningar, på grunn av manglande kunnskap rundt språket. Eg manglar nokre av orda som eg brukar for å uttrykkje meg, dette skapar innimellom vanskar når eg skal skriva stilar, innlegg, med meir. Eg syntast det er greit at vi lære båe skriftnormalane, men trur det er unødig med to karakterar.
Det viktigaste er at du freistar å skrive eit korrekt språk både på bokmål og nynorsk. Gode kunnskapar i bokmål vil gjere det lettare å skrive god nynorsk.
SvarSlett