Eg trur dette blir brukt mykje, pga. den enkle jobben å lage eit manus frå ein bok. Boken er ofte godt laga, og ein får difor ein god historie bak filmen. Ein god bok vil ofte kunne bli ein god film. Det er også ein gratis marknadsføring dersom ein lagar film av ein bok, eller eit spill av ein film. Dei som har lest boka, vil ofte kjøpa filmen eller spillet om boka var bra.
Eg, som veldig mange andre, har lest Harry Potter bøkene, og sett filmane i ettertida. Harry Potter filmane er veldig bra filmar, men bøkene er fortsatt eit betre medium til å formidla forteljinga. Ein får med seg mykje meir detaljar, man kan gå tilbakje og lesa nokje oppatt, osv.
Eg såg nylig filmen basert på Unni Lindell sin roman, Slangebæreren. Ein veldig spennandes krim, nerverpirrande til siste minutt. Filmen handlar om ein politietterforskar som etterforskar nokre drap. Underveis i filmen døyr fleir og fleir, og dei klarar ikkje finne noke fellesnevnar utanom framgangsmåten til drapsmannen.Seinare i filmen dukkar det opp ein fellesnevnar for ofrane, men ein klarer ikkje løyse mysteriet før heilt i slutten av filmen. Eg har stor tru på at boka, Slangebæreren, er truleg ein god bok, og er definitivt ein god film.
I gjennom filmen dukkar det opp forskjellege tema som er aktuelle i dagens samfunn, skillsmissebarn, vold i heimen, og andre emnar som ikkje er så vanleg å snakka om. Filmen formidlar disse emna på ein slik måte at kven som helst kan få betre innsikt i emna. Ein veldig god film, og truleg ein betre bok.
Kildar: Google Images
Filmen Slangebæreren
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar