I hovudsak snakkar eg slik som dei andre der eg bur. Eg har dei same fellestrekka som menneskja rundt meg.
Særpreg i min dialekt:
Skarre-r, e-infinitv, eg pronomen, ikkje apokope, ikkje retrofleks, ikkje palatalisering, ikkje tjukk L og ikkje bløte konsonantar.
Min mor snakkar ein blanding av stril og bergensk, men snakka tidlegare bergensk. Min far snakka stril. Eg har fått ein blanding av dei, men mest stril. Eg trur dette kjem av at eg bur på Sotra, og min mor snakkar meir og meir stril. Mykje av slekta snakkar og stril.Det er mange som forandrar talemål, men eg trur ikkje eg er ein av dei. Eg snakkar mykje det same, uavhengig av kven eg snakkar med. Det er mogleg eg snakkar litt meir stril om eg snakkar med nokon som snakkar veldig reint strilamål, men ikkje om eg snakkar med ein østlending.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar