tirsdag 6. mars 2012

Adaptasjon

Adaptasjon vil sei å tilpasse. Det kan vere å tilpassa seg ein ny situasjon, ein ny jobb, osv. Innanfor den litterære verden, vil adaptasjon sei at f.eks. ein litterær tekst vert overført frå bok til eit nytt media, til dømes film. Det er veldig vanleg at ein gjer dette, og mange av dei største filmane som har vorte laga, kjem i frå bøker. Harry Potter, Ringenes Herre, Narnia, Charlie og Sjokoladefabrikken, Pippi Langstrømpe, og vår eigen norske Varg Veum. I nyare tid har også nokre av norske Jo Nesbøs verk vorte adaptert til film. Til dømes Hodejegerne.

Eg trur dette blir brukt mykje, pga. den enkle jobben å lage eit manus frå ein bok. Boken er ofte godt laga, og ein får difor ein god historie bak filmen. Ein god bok vil ofte kunne bli ein god film. Det er også ein gratis marknadsføring dersom ein lagar film av ein bok, eller eit spill av ein film. Dei som har lest boka, vil ofte kjøpa filmen eller spillet om boka var bra.

Eg, som veldig mange andre, har lest Harry Potter bøkene, og sett filmane i ettertida. Harry Potter filmane er veldig bra filmar, men bøkene er fortsatt eit betre medium til å formidla forteljinga. Ein får med seg mykje meir detaljar, man kan gå tilbakje og lesa nokje oppatt, osv.

Eg såg nylig filmen basert på Unni Lindell sin roman, Slangebæreren. Ein veldig spennandes krim, nerverpirrande til siste minutt. Filmen handlar om ein politietterforskar som etterforskar nokre drap. Underveis i filmen døyr fleir og fleir, og dei klarar ikkje finne noke fellesnevnar utanom framgangsmåten til drapsmannen.
Seinare i filmen dukkar det opp ein fellesnevnar for ofrane, men ein klarer ikkje løyse mysteriet før heilt i slutten av filmen. Eg har stor tru på at boka, Slangebæreren, er truleg ein god bok, og er definitivt ein god film.
I gjennom filmen dukkar det opp forskjellege tema som er aktuelle i dagens samfunn, skillsmissebarn, vold i heimen, og andre emnar som ikkje er så vanleg å snakka om. Filmen formidlar disse emna på ein slik måte at kven som helst kan få betre innsikt i emna. Ein veldig god film, og truleg ein betre bok.

Kildar: Google Images
           Filmen Slangebæreren

Talemål

Da finnast mange kjenneteikn ved talemålet mitt. Eg brukar til dømes skarre-r, eg seiar eg, ikkje jeg, osv.
I hovudsak snakkar eg slik som dei andre der eg bur. Eg har dei same fellestrekka som menneskja rundt meg.

Særpreg i min dialekt:
Skarre-r, e-infinitv, eg pronomen, ikkje apokope, ikkje retrofleks, ikkje palatalisering, ikkje tjukk L og ikkje bløte konsonantar.

Min mor snakkar ein blanding av stril og bergensk, men snakka tidlegare bergensk. Min far snakka stril. Eg har fått ein blanding av dei, men mest stril. Eg trur dette kjem av at eg bur på Sotra, og min mor snakkar meir og meir stril. Mykje av slekta snakkar og stril.

Det er mange som forandrar talemål, men eg trur ikkje eg er ein av dei. Eg snakkar mykje det same, uavhengig av kven eg snakkar med. Det er mogleg eg snakkar litt meir stril om eg snakkar med nokon som snakkar veldig reint strilamål, men ikkje om eg snakkar med ein østlending.